Dansen

Salsa blir dansa på mange måtar. Her er eit eksempel på avansert LA-salsa (Los Angeles-stil):

Cubansk salsa er òg populært i Noreg. Ein iaugnefallande skilnad er at ein i nordamerikansk salsa dansar att og fram på ei line, medan ein dansar meir rundt kvarandre i cubansk salsa, ikkje ulikt norsk folkeswing:

Den nordamerikanske salsaen blir dansa på ulike vis. I tillegg til LA-stil kan ein danse New York-stil, og det finst òg ein tredje variant. Skilnaden mellom dei ulike nordamerikanske stilane er måten ein tek stega i høve til takta. I all salsa tek ein tre steg per takt. Sidan takta har fire slag, er det ulike måtar å gjere dette på.

Grunnstega i salsa går fram og tilbake over to takter. I løpet av to takter har ein altså gått både framover og bakover. I LA-stil (og cubansk salsa), byter ein retning på einaren i takta,  vi seier at ein dansar på 1. LA-stilen blir derfor kalla "on 1". I New York-stilen dansar dei på 2, såkalla "on 2". I LA- og New York-stil tek ein stega på slaga 1, 2 og 3, og tek pause på det fjerde. I den tredje måten å danse på, dansar ein òg på to, men her tek ein pausen på einaren og tek stega på 2, 3 og 4. I denne videoen, som samanliknar dei tre nordamerikanske stilane, blir den siste kalla mambo: