Salsa er ein tradisjonell pardans der den eine (mannen) fører og den andre (kvinna) blir ført. Både å føre og bli ført er ferdigheiter som må lærast. For mannen er det viktig å forstå kvinna sine steg. Han må vite kva han vil ho skal gjere, nøyaktig når det skal skje, og korleis han kan få henne til å gjere det. For kvinna er det viktig å ikkje gjette kva som skal skje, men la seg føre steg for steg. Ei god øving for den som blir ført, kan vere å danse med auga igjen og berre «lyde med kroppen».
Det er superviktig å ha rett spenning i armane og ikkje danse med spagettiarmar.
Her er nokre tips spesielt mynta på kvinner.
Litt meir om korleis ein skaper eit godt samband mellom partane.