For å kunne danse salsa er det viktig å forstå eller føle rytmen, og ein må kunne telje slaga når ein skal lære stega. Det kan vere vanskeleg i byrjinga for oss som ikkje er så vante med latinamerikanske rytmar. Den beste måten å lære på er å høyre mykje salsa og danse så ofte ein kan, men det kan òg hjelpe med teori. I salsa tel vi over to takter: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8. Vi dansar berre på dei tre fyrste slaga i kvar takt, derfor hoppar vi vanlegvis over 4 og 8 når vi tel: 1, 2, 3 – 5, 6, 7 – 1, 2, 3 – 5, 6, 7. Denne videoen forklarer salsarytmen:
Sjekk om du greier å telje til salsavideoen øvst på sida eller til denne rytmen: